Framnes vil bli endå betre

Tilhøvet mellom lærar og elev står sentralt i det pågåande utviklingsprosjektet på Framnes kristne vidaregåande skule.

− Eigentleg er det vel ikkje prosjekt i ordets rette betyding, men heller utviklingsprosessar. Målet er ikkje «å bli ferdig», men «å bli i prosessane». Eg trur ikkje dette er så veldig ulikt kva ein gjer i mange andre skular, seier rektor Harald Voster ved Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS) om skulens pågåande utviklingsprosjekt.

Skulen gjorde ei trivselsundersøking i mai 2014.

− Generelt skåra me veldig godt på undersøkinga, men gjennom samtalar med tilsette i etterkant, teikna det seg eit bilete der det likevel var ulike ting me kunne rette på, fortel Voster.

Det er noko av bakgrunnen for skulen har starta eit arbeid med å etablere ei samhandlingsplattform.

Læringsmiljø
− Hva går utviklingsprosjektet ut på?

− Me kjører ulike utviklingsprosjekt eller prosessar. Ein av prosessane konsentrerer seg rundt elevane sitt pedagogiske arbeidsmiljø. Her har me ulike fokusområde som er viktige for å leggje til rette for eit godt læringsmiljø der elevane kan lære. Me konsentrerer oss om områda klasseleiing, undervisning, tilbakemelding og relasjonar. Ein annan prosess omfattar heile personalet, og delvis elevane. Målet er å få til endå betre samhandling.

I dette arbeidet har skulen nytta seg av NLA til å få eit kurs om korleis ein kan gjere det.

− Me har også valt å fokusere meir på relasjonane enn dei andre fokusområda. Dette fordi mange av oss forstår det slik at relasjonane mellom lærar og elev er ein av dei viktigaste forutsetningane for at læring kan finne stad.

God skule
Ifølgje Voster er ein viktig grunn til å ha eit utviklingsprosjekt at skulen stadig må vere i utvikling for ikkje å stagnere.

− Det er det siste me vil! Den som ikkje utviklar seg, vil heller ikkje henge med i samfunnsutviklinga. Det overordna målet for skulen er å hjelpe elevane til å bli samfunnsnyttige borgarar. For det andre er me er forplikta på å drive like god skule som det offentlege. Me ønskjer også å vere eit tydeleg alternativ til den offentlege skulen. Den offentlege skulen er god og fokuserer mykje på både pedagogisk- og strukturell utvikling. Det betyr at me må vere frampå og møte denne utfordringa.

Utfordringar
− Kva slags utfordringar har de møtt i arbeidet med utviklingsprosjektet?

− Det kan vere lett å endre strukturar i ein organisasjon, men det er ingen garanti for eit godt utviklingsarbeid. Skal ein få til god utvikling, må ein også sjå på den kulturelle faktoren og spørje kvifor me gjer det akkurat på den måten, eller om det er andre og betre måtar. Det er mykje identitet og personleg engasjement knytt til kultur, og derfor kan det også vere krevjande å gjennomføre endringar.

For Voster er eit viktig mål å gjere det pedagogiske arbeidsmiljøet så godt som muleg.

− Gjennom det ønskjer me at elevane skal lære meir, både fagleg og mellommenneskeleg. Til sjuande og sist handlar det for oss om at elevane skal verte så kompetente som råd er til å møte samfunnet og dei fordringane som samfunnet stiller til den enkelte, og kva den enkelte kan forvente av samfunnet. Om elevane vil få betre karakterar er ikkje sikkert, men at eleven opplever læringsporsessar som er relevante og gjev meining er også viktig. Det kan i sin tur verke på styrken og kvaliteten i læringa, seier Voster.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.